I mars ble boken "Fellesnaust - tradisjonsbåtar til folket" lansert;
Fellesnaust er allment tilgjengelege naust-anlegg der tradisjonsbåtar står klare for bruk og ventar på deg! Med vogn på hjulvenleg underlag og elektrisk vinsj er det enkelt for ein person åleine å sjø- og landsetja båtar uavhengig av vannstand. Klassesett med båtar i ulike storleikar sikrar at både åleinebrukaren og den store gruppa kan koma seg utpå.
Med fellesnaust kan dei klinkbygde tradisjonsbåtane få ei ny framtid og folk i alle aldrar får tilgang på både strandlinje og vannspeil. Fellesnaust er lavterskelmøtestader som vil fremja fellesskap, naturopplevingar, folkehelse og folkeopplysning gjennom fysisk aktivitet i naturen i tradisjonsbåtar. Og med fellesnaust midt i både bygd og by kan båtbyggarar få ein stadig straum av byggjeoppdrag. Ein fin bieffekt av fellesnaust er dermed at ein får vidareført den UNESCO-oppførte kulturtradisjonen bygging og bruk av nordiske klinkbygde tradisjonsbåtar. Boka vert gitt ut av Kystkultur.no og fortel i detalj om korleis ulike sider ved fellesnaust-tanken kan løysast. Sjå www.fellesnaust.no for meir info om fellesnaust.
Om forfattaren: Kjell Magnus Økland er ein kystkulturell mangesyslar som arbeider som dagleg leiar for Stiftinga Kystkultur No! Sjå Kystkultur.no for meir info. Han har tidlegare skrive boka Oselvar – den levande båten som kom ut i 2016. Han skreiv nominasjonen som førte til at Oselvarverkstaden og Oselvarkulturen i 2016 vart ført opp på UNESCO si liste over gode vernepraksisar for immateriell kulturarv, som fyrste bidrag frå Norden. Som skribent, redaktør, foredragshaldar, vevmakar, fotograf og organisator medverkar han i ei rekkje organisasjonar som arbeider for å fremja kystkultur på Vestlandet. Les meir om han på www.kjellmag.no
Bergen Kystkultursenter er i en prosess med å få gjenreise nøst i havnen. Vi gleder oss til å få inspirasjon fra Kjell Magnus denne kvelden. Velkommen til foredrag i maritime omgivelser!