Unn deg sjølv opplevinga av å sjå Bergen frå tofta og høyr om lite kjende sider av soga til den 956 år gamle byen. Det skal roast gjennom straumar, under bruer, innom sentrale strok og ikkje minst vert det stogg og servering hjå både Sandviken Kystlag i Sandviken og Bergen kystlag på Storøyen i Eidsvåg. Hugs solkrem!
Me startar i Fløen, inst i Storelungeren. Her kan du parkera bil og hengar og sjøsetja båten. Ferda går så til Solheimsviken og Damsgårdsundet. Ved Småpudden får du høyra om fløttmenn og båtbygging i området. Deretter går ferda til Nøstet der me fyller opp Sydnes sjøbad med robåtar.
Vidare rundar me Nordnes og ror inn og ut Vågen, i kjølvatnet til strilane som selde fisk på Torget. Etter å ha runda Skoltegrunnskaien ventar det lunsj med fiskesuppe på land hjå Sandviken kystlag. (Båtene ankommer ca 13-14 tiden).
Laurdagens siste etappe går via Måseskjæret, Biskopshamn, Helleneset og endar opp på Storøya i Eidsvåg. Her ventar Bergen kystlag med betasuppe. Her kan det teltast og sovast under tak. Men før svevnen tek deg blir det grilling og flott sosialt program.
Sundag byr me på felles frukost før me kryssar Byfjorden. Ved Florvågøy kan det bli både bading og soga om eit vikingslag før ferda endar opp på Kirkebukten på Laksevåg. Her avsluttar me med eit måltid på kulturkafeen Lyst og Fryd.
Meir detaljar vert publisert etterkvart her på Facebook-arrangementet om Den Store Roen.
Påmeldingsavgift: 550 kr.
Påmelding (frist 19.8): https://www.letsreg.com/.../den_store_roen_2026_22082026...